Leiing i framtidas barnehage og skule
Stiftelsen IMTEC v/Vigdis Vikne, Vigdis Nordahl Hansen og Tore Skandsen har samarbeid med Nordhordaland kompetanseregion (NKR) kring leiing i framtidas barnehage og skule. NKR består av kommunane: Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Osterøy, Masfjorden og Modalen. Målgruppa for satsninga er leiarar i oppvekstsektoren, om lag 120 dyktige og dedikerte leiarar som kvar dag arbeider for god kvalitet i tenesta.
Den 18. mars hadde vi samling på Voss, der hadde vi gleden av å ha med oss Advokat Geir Lippestad. Hovudoverskrifta på denne samlinga var «Barnas beste». Det vart også høve til å drøfta case med dilemmaer ein står i med innspel frå eit juridisk – og leiarperspektiv. Det vart også høve til å drøfta case med dilemmaer ein står i med innspel frå eit juridisk – og leiarperspektiv. Vi vil også anbefale boka til Lippestad: «Et større vi».
Eit av hovudinnlegga handla om verdibasert kommunikasjon. Eit viktig bodskap er å møta born, føresette og andre som opplever «kvardagen vanskeleg» med omsorg, anerkjenning og respekt. Der sentrale nøkkelord er verdig, roleg og ærleg. Lippestad har ei unik formidlingsevne og bidreg med både personlege og profesjonelle erfaringar i møte med offentlege instansar. Vi såg ikkje eit tørt auge i salen! Men viktigast av alt er entusiasmen hos leiarane til å utøva ein endå betre praksis i møte med dei som kanskje treng oss mest.
Sitat frå Siri Øksnes, Utviklingskoordinator Nordhordland kompetanseregion:
«Det er både kjekt og viktig å samla leiarar innan oppvekstsektoren for regionen. Dette gjer at det skjer samhandling på tvers av tjenester kring høgaktuelle tema, som denne gongen: Barns beste. Med bidraget frå IMTEC og Lippestad sette ein fokus på barns beste ut frå eit leiarperspektiv og ut frå lovverket ein må operere innan. Komplekst, spanande og viktig. Nettopp fordi at kommunane må ivareta oppdraget dei har fått - mellom anna gjennom barnevernsreforma/oppvekstreforma. Verdibasert kommunikasjon i møte med både barn og vaksne er eit godt verktøy i det daglege arbeidet.»
Stiftelsen IMTEC ønskjer å retta ei stor takk til deltakarane/leiarane, Lippestad og Styrings- og arbeidsgruppa for NKR. Denne gongen ei ekstra takk til Siri Øksnes som legg til rette, kjem med kloke innspel og syt for god logistikk for ei vellukka gjennomføring.