Laget rundt barn og unge
Stiftelsen IMTEC ønskjer å fortelje ei skulehistorie. Det handlar om ein skule som har teke tydelege grep og gjennom det positivt forbetra skulemiljøet for elevane og arbeidsmiljøet for dei tilsette. Årås er ein barne- og ungdomsskule i Austrheim kommune. Skulen har hatt store utfordringar med uro i elevgruppene og mykje opplæring utanfor fellesskapet. Dette har dei tatt tak i gjennom aktivt utviklingsarbeid med mål om å utvikle «gode lag rundt barn og unges læring».
Skuleeigarrolla har vore ein viktig medverknad til at Årås skule har lukkast i utviklingsarbeidet. Skuleeigarnivået har sett klar retning og tydelege mål, og samtidig gitt rektor og profesjonsfellesskapet nødvendig handlingsrom til å drive utviklinga skulebasert. Gjennom tett dialog, aktiv oppfølging og sikring av rammer og ressursar har skuleeigar bidrege til både framdrift og kvalitet – utan å detaljstyre.
Arbeidet starta hausten 2023, med eit tydeleg mål om å styrkje kvaliteten i den ordinære opplæringa og utvikle ein meir inkluderande skule. Dette har ikkje vore eit prosjekt med mål om økonomisk innsparing, men om å bruke kvar krone betre gjennom målretta kvalitetsforbetring. Målet har vore kvalitetsutvikling – å byggje ein skule som blir betre i stand til å møte heile elevmangfaldet innanfor fellesskapet.
Målet med å fortelje denne historia, er å formidle erfaringar frå endringsprosessar, og å gi inspirasjon til andre som ønskjer å utvikle eigen skule.
Vil du vite meir om prosessen ved Årås skule, kan du lesa meir under.
Ta gjerne kontakt med Stiftelsen IMTEC v/ Vigdis Vikne for meir informasjon.
E-post: vikne@imtec.no
Tlf.: 990 25 354
